ADVOKATFIRMAET SUNDE

Fagfelt

Advokatfirmaet Sunde har brei juridisk kompetanse og spesialiserer seg innan selskapsrett, arbeidsrett, fast eigedom, arv og familierett. Vi jobbar for å finne løysingar slik at dine interesser blir ivaretekne.

Sjølv om desse områda er kjernefeltet vårt, er vi ikkje avgrensa til desse. Vi tek på oss oppdrag innan ei rekkje andre rettsområde og gir alltid profesjonell og påliteleg bistand.

Om du lurer på om vi kan hjelpe deg er det berre å ta kontakt.