ADVOKATFIRMAET SUNDE

Prisinformasjon

Pris for oppdraget blir som hovudregel rekna ut på bakgrunn av gjeldande timepris og medgått tid.

Gjeldande timepris er frå kr 2.500 til kr 3.750 per time inkl mva (dvs kr 2.000 til kr 3.000 eks mva).

Ta kontakt for avklaring av pris på saka di. Fastpris kan avtalast særskilt.

Rettshjelpsforsikring

Forsikringa di kan gi rett til å få dekka advokatkostnader i enkelte typar saker. Om forsikringa di dekker advokatkostnader, og vilkår for dette, går fram av forsikringsvilkåra. Du må opplyse om kva forsikringsselskap du nyttar og forsikringsnummeret ditt.

Fri rettshjelp

I somme typar saker, kan ein ha rett på fri rettshjelp. Dette inneber at det offentlege dekker heile eller delar av advokatkostnadane. Ta kontakt for avklaring av om du kan ha krav på fri rettshjelp.